Sex Tape (2014)

Skrevet av filmdagbok den 7 Juni 2023

Sex Tape med Cameron Diaz og Jason Segel er som ein lang og dårleg Apple-reklame. Produktplassering har sjeldan vore meir markant enn i denne Ipad-festen av ein komedie.

Med ein Ipad filmar paret i filmen ein pornofilm. Andre scener i filmen består av Iphone, Imac og MacBook.

Som det må skje, så hamnar filmen på avvege. Og paret må få kontroll på kopiane. Det som skjer undervegs er trist, fordi det er så kjedeleg. Det er ingenting som engasjerer. Eg bryr meg verken om kva som vil skje med filmen eller folka som laga han.

I forbifarten skal det også nemnast at filmen stinkar teknisk, og tar mange snarvegar i redigeringa. Kameravinkelen på samtlege samtalar er frå baksida av hovudet til motparten, eit billeg knep som er greit på tv, men av film forventar eg meir.

Men ingenting av dette betyr noko, og blir mest nemnt for å hamre inn at filmen aldri er morosamt. Verken latter, humring eller eit smil er noko som filmen klarar å mane fram.