Day of the Dead (1985)

Escrito por filmdagbok el 7 de junio de 2023

Det nærmar seg ei veke siden eg såg Dawn of the Dead. Når eg endeleg fekk satt meg ned med ein film blei det ein eg lenge har hatt lyst å sjå, men oftast har skyvd bakover i bunken til fordel for nyare filmar.

Day of the Dead held fram etter der Dawn of the Dead slutta, og me møter ei handfull menneske som er igjen i ein militærbase, omringa av blodtørste levande lik. Med selskap i nokre få forskarar skal dei prøve å finne ut korleis dei kan stoppe dei levande lika før dei drep kvarandre.

Filmen er grotesk på ein fin måte, om det går an å sei det. Det meste når det gjeld å slite av kroppsdelar, gnage og få i seg blod, er så overdrive at det ikkje er til å unngå å trekke på smilebandet. Og når du først trur at du har sett det verste, så overraskar filmen igjen og igjen.

Dessverre kjennest filmen som om han ikkje har fått all verda med pengestøtte, noko som resulterer i veldig mykje dialog, og litt for lite handling. Den kjem heldigvis ikkje i nærleiken av måten dei siste Planet of the Apes-filmane var lagt opp, og er på den måten helt akseptabel. Det har seg berre slik at det tar for lang tid før det blir fart i ting.

Filmmusikken i Day of the Dead er noko av det med mest trykk i eg har opplevd på ei stund, og han har ein ting med å dukke opp overalt. Per i dag ville kanskje ikkje filmskaparane ha funne på å spe på med så mykje erketypisk stemningsmusikk om det ikkje var meint som overdriving, og det blir slik i filmen at eg ikkje kan unngå å le av alle trommevirvlane kombinert med spenning i bilde, og liknande.

Musikken er ikkje det einaste å le av, skodespelarane er nok ikkje plukka ut av eliten, og kan til tider oppføre seg som ein gjeng med amatørskodespelarar.

Men trass i desse tilsynelatande negative faktorane misliker eg ikkje filmen, men storkoste meg nesten heile vegen, med unntak av eit kvarter midt inni, kor ting gjekk litt seint. Alt gørret, musikken og ikkje minst skodespelarprestasjonane i kombinasjon viste seg å vere ganske kraftfullt.