No Strings Attached (2011)

Written by filmdagbok on June 2, 2023

Natalie Portman har teke av seg svanekostymet og Ashton Kutcher buksa, og igjen står No Strings Attached, ein film utan mykje substans.

Seinfeld tok det opp 1990-talet, og det har vore eit tema i tallause filmar og seriar: Omgrepet friends with benefits. I No Strings Attached er det Emma (Natalie Portman) og Adam (Ashton Kutcher) som gir det eit forsøk. Og det går som det må gå i eon linjeforma studiofilm, ting blir kompliserte.

Det er ei knapp veke siden eg såg filmen, men mesteparten har gått i gløymeboka allereie. Det er få ting å bite seg merke i. Skodespelet er greitt. Handlinga er grei og akkurat det eg forventa. Lengda er grei, og i løpet av filmen er det eit par greie vitsar og litt romantikk. No Strings Attached prøver å komme seg unna med eit moderne tema, men ser ikkje ut til å skjønne at han som film verken er nyskapande eller kontroversiell.

Problemet blir med denne som med mange andre romantiske komediar, han vil ingen anna veg enn ned i lommeboka og ut av verda.