Django Unchained (2012)

Written by filmdagbok on June 2, 2023

Eg såg denne filmen av Quentin Tarantino. Og kva fekk eg? Ein Quentin Tarantino-film. Eg er ikkje hans største fan, men likar nokon av filmane hans godt. Og eg har sett alle. For nokon vil det høyrest ut som at eg er fan, men eg kallar meg sjølv filminteressert.

At ein Quentin Tarantino-film er historisk korrekt er ikkje noko eg forventar. Eg forventar ein film som legg vekt på at han er ein film. Filmen er som nokon av dei andre filmane hans, litt for lang på grunn av lange dialogar. Når eg ikkje er førebudd på det, drar det ut. Sjølv om eg har opplevd at desse også kan vere gode.

At denne filmen klarer løpet ut, som er tre timer, er jo ein ting å skryte av i seg sjølv.

Nokon av skodespelarane sette eg meir pris på enn andre. Christoph Waltz meir enn Jamie Foxx. Og Leonardo DiCaprio minst av alle.

Musikken her er topp. Eg har sett nok sjangerblandingar til å la meg imponere over hip hop i ein western, og synest det like godt kunne vore unngått.

Så er det sjølvsagt all valden. Her er det litt for mykje av det gode, men eg trekk ikkje ned på det. For i eit litt anna humør hadde eg elska denne overdrivne filmvalden. Så det var rett og slett dagsforma. Poenget mitt er at eg burde ha førebudd meg betre i forkant. Dei gongene eg gjer det scorar Quentin Tarantino enda høgare.

No scorar Django Unchained høgt nok trass min kritikk, så eg vil berre poengtere at dette er ein flott film. Og flotte filmar endar eg ofte opp med å kritisere litt.