Biler 2 (2011)

Napísané filmdagbok dňa 2. jún, 2023

Eg har mange favorittar blant Pixar-filmane, og Cars som er forgjengaren til Cars 2, er ein av desse. Opp til nivået Cars ligg på er Cars 2 eit stykke unna.

Med Cars 2 handlar det om å gjere alt større enn i sin forgjengar. Handlinga er verdsomspennande, og animasjonen er storarta. Men historia fell litt saman som tynn, og blir redda for det meste av mange finurlege innspel og fin humor.

Det vil ikkje si at det er ein dårleg film, men han har ikkje eit ønska preg av originalitet, heller eit preg av å spele på sin forgjengar.

Styrken til filmen er at han gjer sine eigne bilprega tolkingar av spionfilmar, byar og geografiske landemerke. Her verkar filmen gjennomtenkt, og det byr heile vegen på små humoristiske innstikk. Og det er her underhaldninga i filmen ligg. Ikkje i dei overordna historiene, som er noko tamme.