En mann ved navn Ove (2015)

Written by filmdagbok on May 26, 2023

Ove er ein eldre enkemann, han bur i eit burettslag, der han fungerer som ei slags sjølvutnemnt ordensvakt. Reglar og orden styrer livet hans.

Når han blir sagt opp frå jobben på grunn av modernisering, gir ikkje livet lenger meining og han skal ta livet av seg. Men han blir avbroten.

En man som heter Ove er eit morosamt drama og komedie. Det er jordnært og ekte på enkelte stader, og overdriv på andre. Den komiske timingen er god heile vegen, og poenga er artige. Filmen si utvikling er i grove trekk føreseieleg, men det fører til ei hyggeleg oppleving. Så eg kunne ikkje ha håpt på meir.