Om forlatelse (2007)

Written by filmdagbok on May 16, 2023

Atonement er Joe Wright sin andre store film med Keira Knightley. Sjangeren til filmen er ein lite utforska sjanger for min del: Historisk drama i krig og kjærleik. Hadde det ikkje vore for Anne Hoff si filmmelding i bladet Film & kino ville eg gått lenge utan å ha sett Atonement.

Etter å ha lese filmmeldinga tok eg meg tid til å reflektere over filmvanane mine. Og spesielt reflekterte eg over kor mange gode historier eg går glipp av fordi eg har hatt fordommar mot kostymedrama. Fordommane mine er ikkje tilfeldige. Eg har sett mykje platt og kjenslelaus jåling i kostyme Og frå dette har eg dømt resten usett.

Det er då med stor glede at Atonement lev opp til ideen eg skapte etter filmmeldinga til Hoff. Kva gjer så filmen som er så bra? For meg er det viktig at dette framstår som ein frisk film. Ikkje frisk i den forstand at alle går med smil om munnen og er glade heile tida, men at han ikkje blir kjedeleg i form og uttrykk.

Det er ei tragedie, Atonement er ingen gledeshistorie. Robbie og Cecilia, spelt av ypparlege James McAvoy og Keira Knightley, har ikkje lykka med seg. Skjebnen fører til at tida aldri er rett for desse til å ha eit forhold. Ei ung jente oppfører seg urettferdig ved eit tidspunkt. Og ved eit anna er det andre verdskrig som står i vegen.

Atonement har nydeleg utført fotoarbeid. Menneska glir godt inn i miljøet. Historia er gripande og fortalt roleg og tydeleg. Framdrifta blir ikkje hindra av det rolege. Historia verkar å gå sine eigne vegar og dette bidrar til det friske eg snakkar om.

I fare for å ha skrive for mange gode ord avsluttar eg her. Eg forventar kritikk frå dei som skulle ha sett filmen og ha andre meiningar. Takk.