Broen over Kwai (1957)

Escrito por filmdagbok el 16 de mayo de 2023

Regissøren David Lean er ein mann med forkjærleik til store produksjonar og lange filmar. The Bridge on the River Kwai er ingen unntak.

Ein britisk tropp er teken til fange av den japanske hæren som her held til i Thailand. Det er andre verdskrig og arbeidskraft for å fullføre ei jernbane mellom Bangkok og Rangoon er nødvendig. Sjefen i arbeidsleiren med ansvar for å bygge brua over elva Kwai er ein vond djevel, men det harde taket han har på britane ser ikkje ut til å hjelpe på moralen.

Samtidig som britane og japanarane styrer på i leiren har overkommanderande ved kysten andre planar.

Problemet til denne filmen, for å gå direkte på sak, er at han er altfor lang. Mange av klyppa har eigentleg ingen relevans for verken forståinga av gangen i handlinga eller som skapar av stemning. I blant kan eg oversjå at ting går langsamt, men her blir det i overkant, for det er sånn heile vegen.

Filmen i seg sjølv er god og har ei fin historie. Overflatiske karakterar i stor grad, men i blant glimtar nokon av dei til med sider som gjer at eg ikkje klarar å mislike filmen. Dessutan må vel slutten seiast å vere spennande, her må eg sei at det langsame tempoet fungerer.

Når eg er nøydd til å sitje over to og ein halv time for å fullføre noko eg har inntrykk av at kunne blitt meir spennande og like djupt på ein time kortare, så er det vanskeleg å ikkje gjespe. Det er derimot ikkje kjedeleg slik at eg sovnar. Så det er sagt.