Notting Hill (1999)

Skrevet av filmdagbok den 15 Mai 2023

Lat oss ta rollebestninga til Notting Hill først, ho seier mykje om filmen. Her har me Julia Roberts og Hugh Grant, sjangeren er romantisk komedie og me held oss til 1990-talet. Allereie her vil mange stoppe opp, rygge litt tilbake, før dei snur seg vekk. Eg var lenge blant desse, men for nokon dagar siden fekk eg likevel lyst til å sjå filmen.

Før mislikte eg både Julia Roberts og Hugh Grant. Men dei siste par åra har eg derimot sett begge gjere gode roller i gode filmar, og eg såg ikkje lengre nokon grunn til å styre unna Notting Hill.

Handlinga er grei, Hugh Grant spelar bokbutikkeier og Julia Roberts ein skodespelar som kjem innom. Dei er nøydd til å ha vidare interaksjon. Som publikum veit me sjølvsagt dette. Det viktige blir difor måten heile greia er lagt opp på, og korleis Hugh Grant og Julia Roberts og ikkje minst kjemien mellom desse to fungerer.

Og det er nok ingen grunn til å komme med ei negativ omtale. For sjølv om det meste er klisjé er det gjort med varme og resultatet blir ein koseleg film som får meg til å smile. Om ikkje så mykje som Julia Roberts har ein tendens til å smile.