Apocalypse Now (1979)

كًتبت بواسطة filmdagbok في مايو 15, 2023

Laurdagskvelden var sett av til eit formål, nemleg å få sett Apocalypse Now. Det var Redux-versjonen som skulle sjåast, som er 50 minuttar lengre enn den originale.

Mest av alt forventa eg meg ein krigsfilm i tradisjonell forstand, med helten som overlev på ei slagmark eller noko som involverer kamp etter kamp etter kamp. Altså var det ikkje med dei mest positive tankane eg sette i gang, for eg er ingen tilhengar av slike krigsfilmar.

Apocalypse Now var derimot meir, og eg må ha oversett regissørstillinga til Francis Ford Coppola når eg trudde dette skulle bli ei mengde med skyting og eksplosjonar.

Fokuset på filmen ligg på kaptein Benjamin L. Willard (Martin Sheen), ein mann som har gitt opp eit liv utanom Vietnam-krigen. Ei prega sjel som trass i ei relativt kul haldning er ved sine fulle fem. Han får eit spesialoppdrag som inneber ei lang reise oppover Nung-elva, og brorparten av filmen skildrar denne reisa.

Naturlegvis ligg det utfordringar langs vegen. Men ikkje alle møta undervegs er direkte utfordringar sånn sett, men bilde som skal gi oss inntrykk for å kunne gi oss ein idé av Willard si karakterutvikling.

Rik på inntrykk, men med mange lange, kjedelege sekvensar som øydelegg ein elles god film. Apocalypse Now er ein film som kan vere lang, men med dei ekstra minuttane Redux byr på så blir han altfor lang. Korleis den originale utgåva er har eg tilgode å finne ut, men noko seier meg at det ikkje blir på nokon år.

Noko anna eg sakna innimellom var fråvære av forteljarstemma som så godt set stemning på andre deler av filmen. Denne er av Martin Sheen sjølv, og tar for seg tankane han gjer seg om ymse undervegs. Ein nemneverdig del av filmen som er med å heve inntrykket.

Eg veit ikkje helt kva eg eigentleg synst om filmen. Han er godt laga og har mange gode deler, men blir for lang.