In the Mood for Love (2000)

Written by filmdagbok on May 15, 2023

Hongkong, 1962. Herr og fru Chow flyttar inn i ny leilegheit. Herr og fru Chan flyttar inn i naboleilegheita same dag.

Omstenda gjer det sånn at herr Chow og fru Chan utviklar eit platonisk vennskap. Ei form for romanse, men ikkje eksplisitt.

Filmen baserer seg på aningar. Kjenslene står sterkare enn handlinga. Tidsomgrepet er vagt, men brukt effektivt. Det same med repetisjon, i blant med små variasjonar.

Faa yeung nin wa er ein pen og rik film. Han krev konsentrasjon, og ein kort pause øydelagde flyten for meg. Eg tenkjer i ettertid at denne hadde gjort seg godt på kino. Filmen heiter In the Mood for Love på engelsk.