Max Payne (2008)

Written by filmdagbok on May 12, 2023

Eg elskar Max Payne-spela. Tolmodet mitt til å runde spel er under middels, men Max Payne har gitt meg blant mine beste spelopplevingar.

Tempoet i denne filmatiseringa av spela kan vere noko tregt om du forventa ein rein actionfilm, men eg tykkjer historia har blitt behandla godt med tanke på å ha blitt overført frå eit spel.

Det visuelle uttrykket er herleg. Mark Wahlberg klarar seg heilt greitt. Det kunne nok ha vore betre, men det kunne vel i endå større grad ha enda opp med å bli verre. Eg likte det eg såg.