Buddy (2003)

Rédigée par filmdagbok le 11 mai 2023

Buddy er ein god norsk film, han er morosam, har varme og skodespelarar som stort sett gjer ein god jobb.

I ei leilegheit på Tøyensenteret har Kristoffer (Nicolai Cleve Broch) og Geir (Aksel Hennie) flytta inn hjå Stig Inge (Anders Baasmo Christiansen), Kristoffer og Geir jobbar med å henge opp plakatar for Norboards og er elles bestevenner. Ved sidan av jobben fører Kristoffer videodagbok og det er ei kopling mellom ein mista opptakar og TV 2 som vil styre filmen.

Minst like viktig som skildringa av Kristoffer og Geirs vennskap utover TV 2-forløpet er Stig Inge si rolle som den nye romkameraten og vennen, fortid til Geir og det turbulente kjærleikslivet til Kristoffer som vinglar i mellom Elisabeth (Janne Formoe) og Henriette (Pia Tjelta).

I det heile byr ikkje Buddy på store overraskingar. Karakterane får tildelt sin plass og si historie tidleg og det som skjer utover er som forventa. Uansett handlar ikkje dette om originalitet, i sjiktet romantisk komedie som han høyrer til er han ein solid produksjon. Innslag av klisjear er fleire, men ikkje spesielt øydeleggande. I dei mest dramatiske scenene viser dessverre enkelte skodespelarar sine dårlege sider. Men forutan det er blandinga av alvor og humor god. Heilskapleg likte eg Buddy ganske godt, og betre enn håpa på.