A Gift of Miracles (2015)

Escrita por filmdagbok em 5 maio 2023

A Gift of Miracles er ein Hallmark-film med Rachel Boston, ei kvinne med etter kvart mange tv-filmar på samvitet.

Det handlar om ei ung kvinne som skal skrive ein søknad for å motta stipend. Ho har problem med å ordlegge seg på ein interessant måte, og får ein litteraturprofessor til å hjelpe seg.

Ein slump skal ha det til at ho finn ei liste med gjeremål, etterlaten av si avlidne mor, under et besøk hjå sin far. Og ho setter i gang med å gjennomføre punkta på lista, etter anbefaling frå litteraturprofessoren, som ein måte å opne seg sjølv opp for kreativ skriving på.

Han og henne er to ulikskapar som då sjølvsagt, i ein film som denne, må bli trekte mot kvarandre over tid. Og det å gå i fotspora til mora fører like sjølvsagt til at kjensler kjem til overflata. Me snakkar jo trass alt om ein Hallmark-film her.

A Gift of Miracles er ein fin film, men ikkje så mykje meir. Han er akkurat innanfor med tanke på produksjonen og skodespelet. I blant er han ufrivillig komisk i å vere opplagt. Og han er føreseieleg. Men eg visste kva eg gjekk til, og tenker at det er ein grei film på grunn av det.