Interstellar (2014)

Written by filmdagbok on May 5, 2023

Uavhengig av den dyktige regissøren Christopher Nolan, den talentfulle skodespelaren Matthew McConaughey, eller at Interstellar er ein herleg film. Science fiction og romfart er ein av sjangerkombinasjonane eg set høgast. Det har med det teknologiske å gjere, og tema som utforskinga og spenninga ved risikoen ved å vere centimeter unna vakuum.

Interstellar utforskar sider ved verdsrommet som ormehol og nye planetar. Fiksjonsfilm er for meg nettopp det, fiksjon, og faktisk vitskap betyr ikkje all verda for ein film. Så lenge det som skjer er realistisk innanfor rammene til filmen, så fungerer det for meg. Difor har eg ikkje sett meg inn i eventuell kritikk som har blitt retta mot filmen si utforsking av teoriar.

Det som gjer Interstellar god, utover å inkludere interessante tema, er den enkle oppskrifta som er grunnlaget for dei fleste gode filmar: Eit godt manus. At produksjonsverdien er god kjem i tillegg til dette. Her har me ei historie med gode karakterar, som blir gitt mål og meining, og ei handling som utviklar seg i takt med mitt behov for nye inntrykk. Det er lagt vekt på både detaljar og det store bilde, og relasjonane mellom karakterane og skodespelarane er stort sett innanfor. Eg tykkjer ikkje at alt sit som støypt her, og det er nettopp med karakterane filmen kunne ha blitt betre.

Eg set pris på ein film som kan overraske, og det gjorde Interstellar på sitt vis, når han etter kvart tar historia til uventa deler av det eg best kan kalle ein eigen Interstellar-mytologi. At eit godt grunnlag i byrjinga, og ei god oppbygging, resulterer i eit godt midtparti og ein konklusjon, er ikkje sjølvsagt. Det blir litt som at det er lett å ha ein god ide, mens det er gjennomføringa som gjeld. Her levde gjennomføringa opp til ideen.