Sammensvergelsen (1997)

Written by filmdagbok on May 5, 2023

Mel Gibson og Julia Roberts i Conspiracy Theory, ein romantisk thriller med sterke humoristiske element. Mel Gibson sin karakter er ein høgst paranoid person med ei usunn interesse for konspirasjonteoriar.

Naturleg nok rotar han seg bort i noko stort som involverer mektige menn. Likskapane med Payback på eit lågare nivå er til stor glede, grunna Brian Helgeland sin innsats på manuset.

Men Conspiracy Theory er i mykje større grad drive av humor og eit hav av vitsar på ein setning. Ikkje den filmen som vil bli hugsa for å vere best, men han er likevel god underhaldning trass i at Mel Gibson kan vere litt i meste laget her.

Conspiracy Theory er endå ingen firkanta film når det gjeld utviklinga heller, han har sine vriar og vendingar som fyller svært godt ut dei to timane han varer. Eg kjedar meg aldri.