Schindlers liste (1993)

Skrevet av filmdagbok den 5 Mai 2023

Ein polsk fyr går det ekstra steget for å verna dei jødiske arbeidstakarar frå nazistane under andre verdskrig.

Schindler's List er basert på ei sann historie og handlar om Oskar Schindler, og evna hans til å hindre 1100 jødar i frå å bli sendt til konsentrasjonsleirar.

Det er ein film som byggjer seg opp med stadige glimt av håp, følgd opp av nye håplause reaksjonar. Me kjenner alle til trusselen, og veit at tida er det einaste som kan vinne. Dette tilfører Schindler's List ei ubehageleg, men nødvendig spenning for å fungere som film.

På ei anna side er dette viktig historieforteljing om Holocaust, og eit svært sterkt drama.

Alt det filmen gjer rett, og alvoret det handlar om, hindrar meg likevel ikkje i å vere litt kritisk. Dette er ein langdryg film, og med Steven Spielberg bak spakane har det også blitt litt for føreseieleg. Visse grep og teknikkar han brukar hindrar filmane hans i å bli særeigne nok, men tilfører dei ein litt for trygg struktur.