Anatomy of a Murder (1959)

Written by filmdagbok on 2023. május 5.

Eg har vanskeleg for å prioritere eldre filmar, spesielt dei i svart-kvitt. Når eg først skaffar ein, kan det ta veker før eg faktisk ser han. Under slik venting byggjer det seg naturlegvis opp forventningar.

I eit forsøk på å kortfatte meg skal eg gå gjennom handlinga. Men som i gode filmar flest er det viktig å få fram at gjennomføring er vel så viktig, kanskje viktigare. Kamerabruken, som eg sjeldan legg merke til om er gjennomsnittleg god, er ein av mange ting som står fram her.

James Stewart spelar ein tidlegare statsadvokat som har gått over i privat praksis. Han brukar gjerne tida på å fiske, lese og spele roleg jazz framfor å jobbe. Ein dag blir han tilbode stilling som forsvarsadvokat for den drapsdømte løytnanten Manion, som har innrømt skuld.

Dette er Biegler, karakteren til James Stewart, si først sak som forsvarsadvokat, noko som får følger i den smått uortodokse, veksande rettssaka. Men Biegler er ein gløgg mann, og vitsane står på rekke og rad.

James Stewart, som eg tidlegare har stifta kjennskap til gjennom eit par av Alfred Hitchcock sine filmar, skal ha ein del av æra for energien her. Undervurdert skal heller ikkje Otto Preminger vere, for å holde interessa høg gjennom ein lengre film verkar ikkje alltid å vere lett.

Eg var usikker på både struktur og lengde før eg sette meg ned. Det overraska meg at litt at rettssekvensen blei så djup og utbrodert som her, etter over ein time med etterforsking av den ferske forsvarsadvokaten.

Anatomy of a Murder kan grovt sett delast i to, litt som med Full Metal Jacket. Der begge delene er gode åleine, men saman er eit klassisk eksempel på korleis ein kan lage ein lang film god.

Sjølv om eg no har gått rundt grauten og ikkje fått fram altfor tydelege enkelteksempel på kvifor denne filmen fenga – så håpar eg det kom fram at dette er ein film i klasse for seg.