The Forgotten (2004)

Written by filmdagbok on May 4, 2023

Eg såg filmtraileren før eg såg filmen, så eg visste mykje av det som skjer i filmen før eg starta med han.

Eg blei ikkje møtt av nokon overraskingar undervegs, men det var likevel eit par scener som imponerte. Ei scene der rollefigurane Telly og Ash køyrer bil, Telly i passasjersetet blir filma frå førarsete, og på mellom eit til to sekund kjem ein bil inn frå sida i stor fart og knuser inn i sida på bilen.

Ei anna scene: Telly står ved bilen då detektiv Anne Pope kjem gåande mot ho medan ho snakkar til Telly om å hjelpe ho, då ho plutseleg på under eit sekund blir soge opp frå bakken og forsvinn opp i lufta.