The Tenant (1976)

Written by filmdagbok on May 4, 2023

Le locataire gav meg ei uggen kjensle om sant skal seiast. Å skape engasjement og få fram kjensler er to sider ved ein film som er med på å gjere han vellykka. Men det er ikkje alt.

Le locataire, eller The Tenant, er ein thriller utanom det vanlege. Filmen byggjer opp ei historie på tradisjonelt vis, men kjem etter kvart til eit vendepunkt. Etter vendepunktet er det utfordrande å henge med på kva samanhengen er, men det er akkurat spesielt nok til at det er moro å følge med vidare.

Målt opp mot meir moderne og visuelle grøssarar, er dette ei perle verdt å få med seg.