En moderne familie (2009)

Skrevet av filmdagbok den 2 Mai 2023

Den amerikanske versjonen av The Office har for lengst gått frå å vere full av god humor og engasjerande relasjonar, til å bli ein monoton repetisjon av seg sjølv. Formatet er det derimot ingenting dårleg med, og når Modern Family tar til seg den observerande, dokumentariske stilen, er det igjen ein flau humor som klarar å markere seg på skjermen. Berre ikkje lenger på topp.

Eg skriv dette etter å ha sett ni sesongar av serien. Så sjå på dette som ein refleksjon som i hovudsak er prega av eit minne som berre strekk seg nokon få sesongar tilbake.

Modern Family kan ved siden av å ha henta inspirasjon frå The Office, seiast å ha eit par likskapar med Arrested Development. Desse ligg i strukturen til serien, som er bygd opp rundt ein stor og delt familie, med tre generasjonar, og dei vidt ulike persontypane denne består av. Kritikken av serien som medium og spesielt dei billege situasjonskomediane er fråverande i motsetning til i Arrested Development.

Modern Family har eit sett med tradisjonelle eigenskapar i rollefigurane sine, og relasjonar mellom desse som er å kjenne igjen, som gjer at serien har ei trygg plattform under alle dei sprø uttrykka. Når alt kjem til alt er det rollefigurar med sympatiske trekk som du knyt eit forhold til, og her skil ikkje serien seg ut frå andre familiekomediar.

Men med latterboksen borte og ein observerande forteljarstil, og likevel eit fargerikt persongalleri som i ein god situasjonskomedie, så er Modern Family ein vellykka familiekomedie som kan bli anbefalt for dei som skulle jakte på ein ny komedie.

I løpet av dei mange sesongane til serien held han fram med sin lette tone. Det skjer lite stort, og ikkje så altfor mykje spenstig heller. Men det er ein hyggeleg serie, og eg held fram av den grunn.