Running Wilde (2010)

Escrito por filmdagbok o 2 de maio do 2023

Mellom 2003 og 2006 sendte Fox Arrested Development, ein av sine beste seriar. Med seg hadde serieskaparen Mitchell Hurwitz blant anna med seg Will Arnett. Og sidan den gang har dei to samarbeidd fleire gonger. Running Wilde er eit av samarbeida.

Steven Wilde (Will Arnett) er ein rik og ung herre som aldri har jobba ein dag i sitt liv. Han er arrogant og bortskjemt og lev for å ha det gøy. Ein dag dukkar barndomsvenninna Emmy Kadubic (Keri Russell) opp på døra, på jakt etter et stad å bu. Ho er den strake motsetninga til Steven. Ho kjem rett frå Sør-Amerika, og har drive med hjelpearbeid.

Motsetnadane er utgangspunktet for komedien. Steven er berre opptatt av seg sjølv utan sitt forhold til omverd til dei grader, og dette fører til ein del artige episodar. Kadubic er symbolet på moraliseringa serien står for, og som han mislykkast på grunn av. Men Fox gjorde eit fornuftig val då dei avlyste. Running Wilde kjem ikkje nære nok innpå karakterane sine, og sjølv om Steven er artig nok, så er ikkje karakterane og handlingane rundt han gode nok.

Det er aldri tilfeldig kva seriar som blir avlyst, sjølv om enkelte favorittar forsvinn, men med Running Wilde er det forståeleg at 13 episodar var nok.