Hannibal (2013)

filmdagbok(이)가 5월 2, 2023에 작성

Som fan av det meste Bryan Fuller har skapt på seriefronten, var det berre i vente på at Hannibal skulle bli avslutta som gjorde at me allereie er i 2016 før eg har sett serien. Tidlegare seriar av Bryan Fuller er Wonderfalls, Dead Like Me og Pushing Daisies.

Sjølv om sjangeren til Hannibal er utanfor det eg traktar etter til vanleg, gjekk eg i gang med denne krim- og grøssarserien. Og blant det første eg som Bryan Fuller-fan la merke til var Wonderfalls-skodespelaren Caroline Dhavernas si sentrale rolle. Det andre eg la merke til var den gjennomførte visuelle, om enn groteske stilen til serien. Pushing Daisies var slåande lys og gledeleg, mens med Hannibal snur Bryan Fuller opp ned på dette og er dyster og ekstra detaljfokusert.

Det tar litt tid før eg blir skikkeleg interessert. Tematikken og den nonchalante formidlinga av det fæle slår ikkje an. Måten du må ta vare på ein karakter som Hannibal Lecter i ei så sentral rolle krev grep eg ikkje har sansen for.

Men over tid byggjer det seg opp nokon trådar som er verdt å følge med på. Nokon av karakterane er lette å like nok til å knyte seg til, og resten blir i seriesamanhengen ein vane.

Første sesong er uansett ikkje det heilt store, men går gradvis i rett retning. Andre sesong verkar meir lovande og går ei stund vidare i rett retning, før det tar ei vending mot det sære. Det blir meir mystikk og abstrakte innslag, og det blir rett og slett ulideleg kjedeleg. Tredje sesong er utelukkande ein nedtur, og burde aldri ha vore laga.

Hannibal skuffar med andre ord. Ofte hamnar ein serie midt på treet etter å ha vore god nok til å la litt kjedeleg gå an, men her blir det rett og slett for abstrakt og mykje drit som blir sagt. Dette er ein serie som er ein hyllest til det irrasjonelle, og det har eg ikkje sansen for.