Escape Room (2019)

Written by filmdagbok on April 28, 2023

Grøssar- og thrillerfilmen Escape Room er basert på spelkonseptet der du blir låst inne i eit rom, og må finne spor og løyser gåter og utfordringar for å komme deg ut av rommet.

Det handlar i korte trekk om ei gruppe folk som blir spesielt invitert til å delta i eit nytt og vanskeleg escape room. Med tanke på sjangeren, og ei stadfesting me får i opningssekvensen av filmen, så er dette meir enn uskuldig leik. Dette vil gå på liv og død.

Eit enkelt utgongspunkt. Eg skal innrømme at eg ikkje hadde den største trua på ein film av denne typen. Men han heng godt saman. Det er ikkje som om at så mykje uventa skjer, men det er spenning undervegs som fungerer. Og det ser lekkert ut. Skodespelarane er av solid kaliber. Så filmen hamnar ikkje i kategorien over billege skrekkfilmar med dårlege ungdomsskodespelarar.

Litt av det som er moro er at filmen viser nok spor til at me kan sitje og pønske på utfordringane som sjåar også. Så det blir ikkje berre passiv underhalding.

Eg har aldri deltatt i eit escape room. Dette er ein film som tar seg sjølv seriøst nok til at det dryge ikkje blir tullete. Men eg kan ikkje snakke for dei som har vore med på noko slikt.