Mortal Engines (2018)

Skrevet av filmdagbok den 28 April 2023

I Mortal Engines er handlinga lagt til ei framtid der heile byar har hjul og flyttar seg rundt. I senteret for historia har me ei ung kvinne som søkjer etter hemn på grunn av noko som skjedde då ho var barn.

Ein av dei mektigaste byane er basert på London, og kapteinen for denne byen har store ambisjonar som det er farleg å stå i vegen for.

I lag med ein ung mann hamnar kvinna midt i ein farleg situasjon som er meir omfattande enn hennar opprinnelege agenda. Og farane truar ho og dei andre sentrale karakterane frå fleire sider.

Mortal Engines er ein visuelt slåande hovudstraumsfilm frå New Zealand. Det ser lekkert ut, og handlinga er lagt til ei spennande oppdikta verd. Innsikt i det daglege livet og små smakebitar frå kva denne verda omfattar, gjer det til ein film som er rik på inntrykk. Og som kan fore fantasien vidare. Alt me lærer bidrar også til at me kan forstå motivasjonen til dei einskilde. Eg har sett nok av filmar som går seg vill i det overfladiske og fantastiske.

Men Mortal Engines er ikkje perfekt. Filmen har endå eit stykke å gå. Etter to timar har eg ikkje komme særleg under huda på verken Hester Shaw eller Tom Natsworthy som er dei viktigaste karakterane. Men som sagt så har eg fått nok til å forstå kva som driv dei.

Filmen er av ein så stor skala med tanke på produksjonen, og sannsynlegvis kostnadane, at eg forstå at han skal treffe mange. Det er ikkje lett å skape ein unik film då. Men det skjer i blant. Eg skulle ønske at Mortal Engines fekk til meir i å involvere meg i korleis det er å bu i ei verd som ho som er skildra.

Hadde eg blitt kjent meir med karakterane og fått eit nærare inntrykk av verkelegheita i denne fantasien, så hadde det vore stega i rett retning.