It Chapter Two (2019)

Skrevet av filmdagbok den 28 April 2023

Oppfølgaren til It frå 2017 er lang, repeterande, flakkande, men også overraskande god til å vere nettopp alt dette.

Eg har høyrt litt om boka It av Stephen King i blant, og eg har sett miniserien It som kom i 1990. Men eg hugsa lite og visste lite, og hadde berre ein tanke om at It Chapter Two skulle handle om vaksne versjonar av karakterane frå It. I boka er det visst mykje fram og tilbake i tid, men sidan den første filmen berre handla om barn, så trudde eg at denne berre skulle handle om dei vaksne. I staden vel It Chapter Two å gå mykje fram og tilbake i tid. Det får på eit vis filmen til å verke meir komplett enn It frå 2017.

Det er mykje rart i denne filmen. Noko er tungt å sjå på, og sit godt. Slik som når ein homofil mann blir banka opp og kasta på elva. I denne scena dukkar også klovnen opp, som den einaste gongen i filmen han er skummel.

I andre deler av filmen blir det spelt meir på effektar og overdriving, og det skumle får ikkje etablert seg. Filmen hoppar mellom så mange trådar og situasjonar at dei nesten tre timane han varer i eigentleg passar seg.

Det handlar i hovudsak om at klovnen er tilbake når barna frå den første filmen har blitt vaksne. Dei må tilbake til heimbyen og kvitte seg med han ein gong for alle. Det blir ikkje lett. Samtidig tykkjer eg at filmen har såpass mange likskapar til å løyse ting på som den første filmen, at eg eigentleg kunne ha klart meg fint utan den første filmen. Slik sett er han meir som ein tradisjonell oppfølgar der ting er større og meir omfattande, men eigentleg ein kopi av forgjengaren.

Eg kan vel ikkje akkurat anbefale filmen så hardt, men har du sansen for Stephen King-historier på film så er det vel verdt tida.