GoldenEye (1995)

Written by filmdagbok on April 26, 2023

Blant James Bond-filmane med Pierce Brosnan er GoldenEye den første og den beste. Som actionfilm og stilistisk innanfor det vidarefører filmserien den røffare stilen som blei innført med Timothy Dalton.

Pierce Brosnan er mindre komisk som James Bond, og meir truverdig som actionhelt. Men humoren er ikkje vekke. Han er meir tona ned. Dette er ein av dei interessante aspekta ved James Bond-filmane, sett på som eit produkt av si tid. Og lett å samanlikne på tvers av tid fordi dei har komme jamnt og trutt siden 1962.

GoldenEye hintar også til kva resten av Pierce Brosnan-filmane kunne by på, men held i motsetning til fleire av dei seg passe innanfor. Visst er filmen dryg, men innanfor denne dei realistiske rammene til universet til filmen er det akseptabelt. Og det er ofte det som betyr noko.

Dette er også ein av mine favorittar blant James Bond-filmane. Og det har med at dei små detaljane over stort sett stemmer, og at Pierce Brosnan har uttrykket som passar for James Bond. Han er både tøff, men samtidig eplekjekk og ein sjarmør.

Daniel Craig som James Bond er om mogleg meir truverdig som actionhelt, men manglar ørlite av glimtet i auge. Han er også eit produkt av det dystre verdssynet i samtida.

Det er nok mange ulike syn på kva James Bond er og skal vere. For meg er den typiske James Bond han som Sean Connery var. Men mine favorittfilmar er likevel langt seinare filmar, som Timothy Dalton, tidleg Pierce Brosnan og GoldenEye, og eit par av filmane til Daniel Craig før dei blei for anonyme og dystre.