The Forgotten Toys er ein britisk kortfilm om to leiketøy som har gått ut på dato. Dei vaknar opp i søppelkassa etter jul, og innser at dei har blitt bytt ut til fordel for nye og meir spennande leiker. Så dei legg ut på reise gjennom byen, i håp om å finne andre ungar som kan ha glede av dei.
The Forgotten Toys er meint å vere melankolsk og humoristisk, og leverer begge deler godt. Men det manglar det vesle ekstra som tar filmen opp til nye høgder. Utover det er det, uavhengig av kor tid rundt jul filmen tar plass, ei romjulstemning som snik innpå meg. Så filmen har det å spele på.